Som vanleg har bladet eit variert innhald, og nesten alle artiklane skriv seg frå ulike stader på Sunnmøre. Den nye biskopen til Møre, Ingeborg Midttømme, har skrive julepreika som har fått tittelen ”Når det stundar mot jul”. Jørund Fet skriv om Sunnmørsprisen og om prisvinnaren Frode Grytten, og naturleg nok har også bladet med eit utdrag frå vinnarboka ”Rom ved havet, rom i byen”. Etter Martinus Rogne er med eit par segner som han i si tid skreiv ned frå Haram: ”Kvernsteinen på Hildrehesten” og ”Segna om Harams-syngjarane”. Bjørn Johan Muri frå Ålesund vart svært kjend gjennom programmet ”Idol”. I intervju med Petter Sandvik fortel han at han ”Prøver å leve eit heilt normalt liv”. Langs Storfjorden er der mange gardar og mykje historie. Alle gardane har ikkje fått like mykje omtale. I Jul på Sunnmøre presenterer Olav Elling Gausdal tuna i Gomsdalen. ”Langøyli-felene” er kjende mellom spelemennene på Sunnmøre og i Nordfjord. Frode Følling Birkeland skriv om dei to felemakarane Ole og Trygve Langøyli, far og son, frå den vesle garden Langøyli i Sunnylven. Trygve Langøyli er busett på Stranda. Alf Rebbestad (88) frå Ørsta har skrive dikt i mange tiår. I Jul på Sunnmøre kan vi lese diktet ”Juletankar”. Borgny Helland skriv ”Glimt frå generatorbussane si tid”, interessante historier frå krigen. Oddvin Lundanes frå Sunnylven har ”Minneord om frilynne og fullnorsk grunn”, der innhaldet omhandlar den frilynde ungdomsrørsla. Merete Løvoll Rønneberg frå Eidsdal har med ”Kulturglimt frå indre strok”, og Karl Fredrik Blindheim følgjer ”Sykkylven frilynde ungdomslag med gamaldans på kysttur”, Ella Vasskog har laga referat frå ”Barnestemnet i Volda 2008”, og Elin Kjalnes har vore på ”Teaterkurs i Hovdebygda”. Mange frilynde ungdomslag vart skipa kring det førre hundreårsskiftet, og frå Bjarne Viddal er med artikkelen ”Viddal frilynde ungdomslag vart skipa for 100 år sidan”. Jul på Sunnmøre femner altså vidt i innhaldet, og dei fleste artiklane er rikt illustrerte med fotografi eller andre illustrasjonar. Richard Bergh i Hjørungavåg er opphaveleg frå Telemark, og han fortel om ”Møtet mitt med Sunnmøre”. Roald Sporstøl skriv ”Om radiostasjonen Frey i Oksavika på Gurskøya”. Etter Ingeborg Aarflot (1885-1973) er med to voggesongar frå Volda. Jul på Sunnmøre er i år på knapt 60 sider, og ein heil del av sidene er prenta i fargar. Framsidebiletet er frå Gjerdefossen ved stigen midtvegs mellom Møll og Gomsdalen. Illustrasjonane i bladet har Pauline Masdal og Cecilie Dahle Torbjørnson stått for. Bladbunad og prent har Egset Trykk i Volda gjort, og desse har vore med i bladstyret: Roar Rønning, Cecilie Dahle Torbjørnson, Svein Sporstøl og Liv Fridtun. Jul på Sunnmøre er i sal hos ungdomslag og bladhandlarar over heile Sunnmøre.
Kultur →
Jul på Sunnmøre i handelen
Jul på Sunnmøre er i handelen igjen. I år har vi kome til den 42. årgangen av bladet, som vert gjeve ut av Sunnmøre frilynde ungdomssamlag.