Då det vert lyst ut i Sunnmørsposten (!) at postkontoret i Lilleby treng ekstrahjelp i samband med utlevering av årets julepost, er ikkje fru Pigalopp sein om å melde si interesse. For fru Pigalopp har faktisk vore postomberingsmeister i Australia i sin ungdom, saman med ein kenguru. Fru Pigalopp har ikkje så lett for å halde fokus på postomdelinga. Ho skulle eigentleg berre levere ein pakke, men då herr og fru bakar Blom inviterer på kaffi maktar ho ikkje å seie nei. Og verre: ho greier ikkje å seie nei når dei ber henne om å vere med å bake ut kaker heller! Når ordføraren i Lilleby, også gjennom Sunnmørsposten, proklamerer at Hattemakergata skal vere årets julegate og at han vil opne julegata same dag klokka fire, då må fru Pigalopp trø til på nytt som julegatepyntekonsulent. Fru Pigalopp må også stille opp for å coache gravemaskinførar Gregersen. Han er nervøs for å vere julenisse i barnehagen. Og ho syner óg sine talent om samlivsekspert, då familien Fryd og Gammen er truga av å gå aldeles i oppløysing på grunn av ei uhyre skeiv arbeidsfordeling. Alt dette går naturlegvis ut over postomberinga. Pakkane hopar seg opp ved det vesle postkontoret og overpostmeister Pakke er i ferd med å gå fullstendig opp i liminga. Men med innbyggarane i Hattemakergata si hjelp går det likevel bra.

Som hand i julehanske

Rolla som fru Pigalopp høver Astrid Overaa som hand i hanske. Som den etter kvart så frustrerte postmeister Pakke møter vi sonen til Astrid, Henrik Overaa Bjørnson. I tillegg har dei med seg eit ensemble av både store og små skodespelarar, hovudsakleg frå Ålesundsområdet, men også vår eigen svært unge Simon Skeide frå Skeide. Det er Bjørn Rønningen som har skrive stykket om fru Pigalopp. Rønning har tydelegvis sansen for univers fjernt frå jag og mas, for han har også adventssuksessen "Jul i Skomakergata" på samvitet. Interessa for barneteater i Ulstein ser ut til å vere umetteleg. Nærare fire hundre menneske fekk med seg premieren på årets juleframsyning. 11. desember er det Ålesund sin tur.