Gollj og Gråstein heldt konsert og slapp deira første CD i Hareidhallen i går kveld. Halv 8 – eit blandakor frå Ålesund – var hyra inn for mimre litt saman med acapella-mannskoret frå Hareid.

Begge kora gjorde lykke, men det var Gollj og Gråstein som spelte hovudrolla denne gongen. Dei stod for i alt 17 framføringar, acapellaoktetten Halv 8 framførte seks. Så totalt sett er det liten tvil om at publikum fekk valuta for pengane.

Etter 11 år med prat og song fann karane ut at dei måtte gi ut ei plate. Denne har fått tittelen «Ekte Gollj», og er blitt spelt inn hos Svein Erik Åmås og hans platestudio Audiofarm i Åmdalen i Ørsta, som får ros for jobben.

– Vi har blitt endå meir samsungne med åra. Målet vårt har vore å få ferdig denne CD’en til Hareidsstemna, og vi har hatt håp og ambisjonar om at resultatet skulle bli høyrbart, seier Vegard Knardal – leiar i Gollj og Gråstein.

– Vi sel også på Coop, Trådkråa og kyrkjekontora i Hareid og Ulstein – for dei som ikkje får trygd før seinare i månaden, humra Bård Grimstad.

Konsertrepertoaret spegla mykje av det vi finn på plata deira. Golljkarane byr på stor variasjon – frå låtar som høyrer heime i eit tradisjonelt mannskorrepertoar, med arrangement til dømes av Johan H. Grimstad, men også låtar av Henning Kvitnes, Odd Nordstoga, Erik Bye, Coldplay og The Beatles.

Arnt Ole Grimstad – produsent på plata og frå før mellom anna kjend som folkehøgskulerektor og songsolist i Grimstadkoret – var leigd inn til konserten for å skape eit perkusjonsliknande komp. Det var imponerande å oppleve korleis eitt enkelt stemmeband kan makte å levere eit så rikt og fyldig lydbilde så presist.

Oline Sæverud Aksnes fekk synge saman med Gollj og Gråstein; ho framførte «Sommarpsalm», til «acapella-akkompagnement» av dei dresskledde, songglade karane.

Erik Valderhaug frå Lydkjelleren sørga for perfekt lyd for begge kora.

Hareidsstemna er godt i gang. I kveld er det Musikklaget Melshorn sin tur, og det er venta nærare fullt hus når denne gjengen entrar scena. Komande veke er det ei rekke konsertar og eit rikt og variert kulturtilbod, med noko for einkvar smak – både for store og små. Program er blitt sendt ut til alle postkassar på Søre Sunnmøre, men fleire detaljar finn du på nettsida hareidsstemna.no.