26. mai gjekk Bigset skulekorps på scena til Bigset skule for å feire sine 40 år som skulekorps. Fleire møtte fram for å feire saman med dei.

Stor og viktig milepæl

Bigset skulekorps låg i hardtrening i forkant av 17. mai. Difor var munnstykka i messinginstrumenta godt trimma til jubileumskonserten

Til ein fullsett sal spelte dei opp med songen Phantom of the Opera, før skulekorpset sin styreleiar Lars Elling Bjåstad stilte seg opp på talarstolen.

– Vel møtt til 40-årsfeiringa av Bigset skulekorps. At vi kan stå her i dag å feire skulekorpset sine 40 år er ein viktig og stor milepæl, fortel Bjåstad, og drog fram nokre minne om korpset som trekte seg 40 år tilbake i tid

Skulekorpset spelte songar som You`ll never walk alone og Thank you for the music før Bjåstad på nytt entrar talarstolen.

– For 40 år sidan var det ei foreldregruppe som sakna eit tilbod for unge på Bigset. Difor starta dei opp eit brasskorps, som gjennom åra har hatt eit tett og godt samarbeid med Bigset skule. Det er det framleis i dag. Det vart også starta opp ein drilltropp, som diverre ikkje eksisterer lenger, fortalde Bjåstad.

Det er ei økonomisk krevjande oppgåve å halde eit korps gåande. Men Bigset skulekorps har greidd seg godt.

– Det er to ting som gjer at Bigset skulekorps har sikra seg ei stabil og god inntening. Julemessa og feiringa av 17, mai. I 2013 har Bigset skulekorps eit budsjett på 630,000 kroner. Det er takka vere engasjementet frå bygdefolket i og rundt Bigset, og engasjementet frå medlemmene som gjer at det går bra, sa Bjåstad i talen sin.

Vart æresmedlem

Etter kvart vart Magne Larsen invitert opp til talarstolen. Larsen var den som skipa skulekorpset. På vegne av styret og skulekorpset fekk Larsen eit vel fortent æresmedlemskap. Dette fekk han i glas og ramme saman med ein flott bukett blomster.

– Eg hadde aldri greidd dette åleine. Det er dykkar æra at vi har fått det til. De har like stor del i diplomet som det eg har. Tusen takk for hjelpa, seier Larsen rørt.

Festen vidare vart feira med flott korpsmusikk og gratis kaffi, brus og kaker.