I dag er vi opptekne av kjempebølgjer etter fjellras som kan skylje over strendene våre og ta med seg hus og jord. Og vi opplevde i all gru tsunamien som mellom andre land, ramma Sri Lanka hardt i 2004.

Men det vi kanskje ikkje veit, er at vi har hatt verdas største undersjøiske ras og ein kjempetsunami  rett utanfor kysten vår. Under oljeleitinga på 70-talet, fekk forskarane kjennskap til tsunamien som laga eit stup på 250 meter  utanfor fiskebanken Storegga. Komande søndag kjem geologiprofessor Stein Bondevik til Runde Miljøsenter for å fortelje om Storeggaraset.

Storeggatsunamien er ei storhending i norgeshistoria som forskarar først har funne ut av i nyare tid. Geologar frå Skottland og Noreg har i årtier lurt på kvifor det var sand frå sjøen innover langs kysten og i innsjøar i Skotlland som dekte steinalderbusetnader. Både i Inverness i  Skottland og på Sunnmøre fann dei avsettingar som dei ikkje kunne forklare. Hadde det vore ein storm av abnorme dimensjonar i Nordsjøen for 8000 år sidan?

Først med oljeleitinga på syttitalet kom svaret på gåta. På kanten av den norske sokkelen, mot fiskebanken Storegga, går det eit stup rett ned frå 250 meterrs djup til 500 meters djup. Dette er bakveggen  til eit enormt ras. På havbotnen mellom skredkanten og heilt ned til 3000 meters djup ligg restane av det, med steinblokker opp til ein kilometer i diameter.

Dette raset utanfor Mørekysten, det største kjende undersjøiske raset i historia, var årsak til det som no blir kalla Storeggatsunamien. Den første vitenskaplega artikkelen om fenomenet kom i 1987. I starten var geologar mest opptekne av å stadfeste at tsunamien faktisk fann stad, sidan har andre spørsmål kome til.

Geologiprofessor Stein Bondevik som kjem til Runde Miljøsenter komande søndag er ein av dei som har leitt etter svar.

Stein Bondevik framfor Storeggatsunamilaget som ligg oppe i dagen på Shetland.