Hans siste roman «Til jord skal du bli» er riven bort frå butikkhyllene, og det utan ein einaste bokmelding i pressa.

«Ein tøysetrillar», kallar forfattaren boka. «Til jord skal du bli» er ei julehistorie utanom det vanlege. Her er det snø, barnleg glede, julegåver, juletre og julepynt, men også gangstarar, forsømte barn, drap, blod og gørr.

Den pensjonerte presten Jacob Juul får litt for mykje i hendene denne førjulstida. På få dagar går han frå å vere pensjonert prest til å bli bestefar og drapsmann. Korleis skal han redda seg sjølv og vesle Isabelle Donnatina frå gangstarane og kva i all verda skal han gjere med den daude torpedoen i vedskjulet?

Sjølv om ingen aviser til no har meldt boka, får ho gode meldingar på sosiale medium og via jungeltelegrafen. Bokbloggar Kjell Magne Gjøsæter, gir «Til jord skal du bli ein seksar», og skriv:

"Den er morosam, hjertevarm og sjarmerende på ein sjuk, sjuk måte. Anders Totland har skapt eit strålende univers med ein sjarmoffensiv av karakterer. Dette er ei bok som vil treffe eit bredt spekter av lesarar. Eg kan ikkje anna enn å la meg bli trollbundet av den vanvittige historien. Les den. Du vil ikkje angre."

Anders Totland har på sju år gitt ut ein drøss med bøker i mange sjangre og for alle aldre. Han har skrive faktabøker for barn, kokebok, dokumentarbok om folkeopprøret mot vindkraft, ungdomsromanar, vaksenromanar og no også «tøysetrillar».

Hans fyrste bok, “Engel i snøen”, fekk sjølveste kronprinsesse Mette-Marit til å grine. Med den siste romanen får han folk til å le.

På biblioteket vil han bli bokbada av Erlend Friestad. Totland set seg også bak pianoet for å spele og synge litt for publikum. Forfattaren lovar også vekk premier til nokon av dei heldige publikummarane!

Arrangør er Hareid mållag og det er gratis inngang.

På dagtid denne veka, er Anders Totland og besøker barneskular i Ulstein. Der møter han elevar og snakkar om nordmennene som

deltok i den transatlantiske slavehandelen - og litt om forskjellen på å skriva fiksjon og heilt sanne historier.

Hareid mållag