- Det vert ein kombinasjon av konsert og kåseri som set fokus på korleis tekster og tonar frå ulike tider kan vitne om ulike perspektiv, vektleggingar og oppfattingar av kristentrua, heiter det i ei pressemelding frå leiar Per Halse, i Volda og Ørsta kyrkjeakademi. Han skriv vidare: - Som overskrift for kvelden har det lokale kyrkjeakademiet sett ”Frå Berte Kanutte til Marie Lovise”. Det minner oss om at det ikkje berre er menn som har skrive salmar. Tittelen peikar også på eit spenn over to hundreår, og forståinga av kristendomen har naturleg nok utvikla seg gjennom tidene. I perioden mellom dei to nemnde kvinnene levde nok dei mest kjende sunnmørske salmediktarane, og døme av både Barstad, Hovden og Støylen vert framførde og kommenterte. Tilskipinga finn stad i kafeen Fru Svendsen, og dei som kjem skal få hygge seg med god servering attåt dei kulturelle innslaga. Hanne Kristin og Bård Dahle syter for song og musikk, og Per Halse vil knyte i hop programmet med å fortelje litt om tekstene og bakgrunnen for dei. Særleg vil han freiste å peike på korleis ulike sider ved kristendomen, eller ulike tolkingar av trua, syner seg i salmane.