Koret er tidlegare kjend som Sangbruket og stiller no med både nytt namn og nye julesongar denne føremiddagsstunda. Dei som vil senke skuldrene, og finne roa, eller krydre adventstida med ei musikalsk oppleving, vil få høyre songar med stort spenn i stil og rytme. I tillegg til noko av det kjende ”Sangbruk”-repertoaret, byd faSong også på nye julesongar, salmar, gospel, pop og latinamerikanske rytmar. Det er dirigenten Gaute Øvereng som har arrangert alle songane, og han har skrive både tekst og melodi til nokre av dei. Julesongen ”Stjerna i desember” har de kanskje høyrt før. Den blir i desse dagar spelt på radio, og er også å finne på nettstaden klang.no. Koret har utspring i miljøet på Uppheim, er i sitt tiande år og var no mogen for eit namneskifte. I oppslagsverket Wikipedia står det at fasong tyder form, skap, snitt eller måte. Utrykket kjem frå det latinske factio som tydar handling, å gjere. Koret faSong gjer ting på sin eigen måte, og vil halde fram med det. Til vanleg øver dei heime i stovene hos medlemmene, men på laurdag lyfter dei takhøgda ein smule når dei fyller Volda-kyrkja med songane sine. faSong har med seg Hans Jacob Orning på saksofon, Knut Hunnes på bass og Stephen Dougherty på gitar. Dirigenten er å finne bak pianoet. Kor og musikarar lovar ei rik musikalsk oppleving for dei som finn vegen til Volda-kyrkja laurdag.
Kultur →
Lovar adventsstemning midt på føremiddagen
Laurdag 6. desember er det duka for adventsstemning midt på føremiddagen når koret faSong har 12-konsert i Volda kyrkje.