Under årets Trebåtfestival har Ulstein kunstlag invitert Maria Sandsmark frå Molde til å stille ut. Ho byr på ei stemningsfull og naturskjønn utstilling, der kystkulturen vil vere eit gjennomgåande tema.

Maria Sandsmark (1968) er oppvaksen på Geilo i Hallingdal, men har budd heile sitt vaksne liv ved kysten. Maleri frå kystmiljøet pregar derfor utstillinga som ho tek med seg til Ulstein kunstlag.

Den formelle utdanninga si har Maria Sandsmark innan samfunnsøkonomi, der ho har ein PhD-grad frå Universitetet i Bergen. Men dei fem siste åra har biletkunsten teke ein stadig større del av arbeidstida hennar, og no arbeider ho dagleg i atelieret sitt i Molde. Trass i si relativt korte karriere innan kunstmaleri har Sandsmark fått antatt bilete på åtte juryerte kollektivutstillingar, og ho har hatt tre separatutstillingar.

Karakteristisk for Sandsmark sine maleri er ein impresjonistisk stil. Motivet er gjerne lett å kjenne att, men ikkje på ein naturalistisk måte. Fargevalet formidlar eit ekspresjonistisk uttrykk med bruk av sterke kontrastar. I dei fleste maleria er det nytta oljemaling, men innimellom kan vi også finne arbeid i akryl eller pastellkritt.