Sundag held Eiksundsamklangen to konsertar for å markere at Eiksundsambandet blir bomfritt.

Dei har ein konsert i Volda kyrkje på ettermiddagen, og ein konsert i Herøy kyrkje på kvelden.

Men i mellom dei to konsertane vil koret på om lag 300 songarar frå ti kor i regionen og Stryn stoppe på stranda ved Eiksundbrua. På veg mellom konsertane her vil dei stoppe for fotografering og framføring av eit songnummer.

Bygdelaget i Eiksund oppmodar bygdefolket om å møte fram til dette, gjerne iført Eiksund-t-skjorter.

Finaleklang med 300 songarar