Sidan 1932 har familien Bergstrøm underhalde folk i Sverige, og seinare også i Norge. Eldstesonen i flokken er den fjerde generasjonen som driv med dette.

Per Bergstrøm kan derfor love mange interessante aktivitetar når dei gjestar Hareid.

– Vi har både karusellar, radiobilar, hoppeslott og alt som høyrer med på eit tivoli, stadfestar han.

Bergstrøms tivoli har delteke på Opplev Hareid tidlegare, men presiserer at det blir endå større denne gongen enn sist dei var på besøk.

– Vi har fått lovnader frå kommunen om at vi får endå meir plass å boltre oss på enn sist. Så det vil bli betydeleg større i år. Det er heilt sikkert, slår han fast.

Tivoliet vil halde til ved parkeringsplassen ved sida av Hareid folkebibliotek, og held det gåande under heile Opplev Hareid.

– Vi startar på torsdag og siste dagen er på søndag. Så det vil bli mange moglegheiter for folk å ha det moro i Hareid sentrum, forklarar Bergstrøm.