Framsyninga "Julenatt i stallen" i bilete
Det vesle julespelet på om lag ein halv time har namnet “Julenatt i stallen”, og er ei forteljing av forfattaren Astrid Lindgren.
Flinke musikarar
I tillegg til den lune og varme stemninga i kyrkja, spelte musikarane trommer og trompet til korsongen frå Hareid barnekantori og juniorkonfirmantane.
Kyrkjelydspedagog Barbro Østrem var forteljar, og tok publikum med på reisa til Maria og Josef som vart spelt av Maria H. Marthinsen og Even Å. Bjåstad.
For å få ei mest mogleg realistisk oppleving hadde fleire kledd seg ut som sauer og kyr, medan ein teknikar på kyrkjeloftet spelte lydar av dyr og eit skrikande barn.
Mellom teaterinnslaga fekk solistar som Toril Oda Ringstad, Kristin O. Leirbekk og Anne Liv Holstad fylle kyrkja til randa med song, medan barnekora og musikarane akkompagnerte.
Det var med andre ord ei flott og innhaldsrik framsyning i Hareid kyrkje.
Følg Vikebladet Vestposten på Facebook
Første gang i lag
På slutten av framsyninga ynskjer Barbro Østrem å takke for det gode frammøtet.
Ho legg til at framsyninga på fredag er første gang Hareid barnekantori og juniorkonfirmantane møtast.
– Barnekantoriet og juniorkonfirmantane har øvd kvar for seg, og har for første gang felles framsyning her i dag. Det fortener vel ein applaus, informerer Østrem spørjande.
Og applausen lot sjølvsagt ikkje vente på seg.