Utstillinga i Aktivitetshuset på Store Vikholmen i Ulsteinvik opna torsdag kveld og er open til og med søndag. Den første halvtimen vart det selt ni kunstverk. Prisane på dei 18 litografiane, inkludert ramme, varierer frå kr. 1.700 til kr. 3.800. De seks oljemåleria er prisa høgare: frå kr. 4.000 til 18.000. Leiar i Ulstein kunstlag, Atle Hopland, helsa dei frammøtte ved opninga med å omtale den utstillande kunstnaren som svært fargerik og sjarmerande. Vottestad kjem opphaveleg frå Myre i Vesterålen, men bur no i Oslo. Ho tok utdanninga si i Tyskland der det - i følgje Hopland sitt biografiske innlegg om kunstnaren - "vakna noko i henne". Ho hadde si første utstilling i 1997 - og har etter det hatt stor suksess. Til og med dronning Sonja har oppdaga henne. Eit Vottestad-måleri er innlemma i dronninga si samling - "og no har vi altså ein sjanse til å vere på lag med dronninga", smilte Hopland lurt og salsappellerande til den potensielle kjøpargruppa langs vindusrekka. - Bilda berører noko i oss. Vi blir dregne inn i husa. Kven bur der? spør vi. Vi får lyst til å gå inn, sa Hopland om dei "sjelfulle husa frå Nord-Norge". - Men samtidig er der noko hjerteskjerande einsamt der dei står i ei bukt ute i havgapet. Og ikkje minst er lyset i og kring husa umiskjenneleg nordnorske, sa Hopland. Under opninga sjarmerte elles musikk- og kulturskuleelevane Vebjørn Larsen, Halvdan Engeset og Mikael Pettersen med gitarspel og song. Dei framførde "En solskinnsdag" (Postgirobygget) og "Let it be" (Beatles). Halvdan song på den første, Mikael på den andre - og dei fekk fortent applaus.

Tenk å ha seg ein kaffikopp ved dette huset - - -?
Frå v.: Halvdan Engeset, Vebjørn Larsen og Mikael Pettersen underheldt med song og gitarspel.