Biljard er ein populær aktivitet på Bell. Under opningskvelden fredag blir det biljardturnering med premie til vinnaren. Foto: Marie Flatin

Etter juleferie er tilsette og ungdomscrew ved Bell ungdomsklubb klare for eit nytt år med nye opplevingar.

- Opningskvelden har vi diskotek med limbokonkurranse og biljardturnering. Vi håpar å treffe både gamle kjende og nye gjestar, seier ungdomsarbeidar Marie Flatin i Ulstein.

Ho ber om innspel på kva aktivitetar og arrangement ungdommane ønskjer i tida framover.

Søkjer fleire i crewet

- Vi har også ledige plassar i det frivillige ungdomscrewet. Dei som har lyst å vere med og gjere ein forskjell kan ta kontakt med meg på ungdomsklubben eller på Facebook, held Flatin fram.

Medlemmar i ungdomscrewet har vakter på Bell der dei mellom anna hjelper til i kiosken, med lydanlegget og ved aktivitetar.

- Om vi er mange som engasjerer oss så er det mykje vi kan få til!

Crewet ved Bell ungdomsklubb ønskjer velkomen til eit nytt år og nye mulegheiter for kjekke ungdomsaktivitetar. Foto: Marie Flatin