Trond "Scotty" Skotheim i Scottys Dreamteam, skriv at det har vore stor etterspurnad frå folk som vil høyre Hødd-hymna etter cupfinalen mellom Hødd-Tromsø på Ullevaal stadion 25. november.

Og med glede kan Skotheim informere om at originalsporet av songen ligg ute på iTunes og Spotify for dei som nyttar desse.

- Om du søkjer på ein av desse musikkmotorane, vil du få treff på "Scottys Dreamteam" eller Roy Muren, berre ved å søkje på Hødd-hymna. Hymna er presentert under samleparaplyen "Scottys Dreamteam", og det er Roy Muren som syngjer teksta med sin fantastiske stemmeprakt, fortel Skotheim.

Andre medverkande musikarar på låta er Trond Ihle på keyboard, Maron Sandvik på gitar, Ragnar Øvrebøe på bass og Trond "Scotty" Skotheim.

Høyr Hødd-hymna i Spotify-avspelaren i høgremargen. -->