Torsdag 25. juni til sundag 28. juni er det igjen klart for Dei nynorske festspela. Hit kjem nynorskjendisar frå heile landet, men også lokale krefter blir teke i bruk.
B.R.U.S.
Fredagskvelden blir det platekåseri med platesamlar Arild Torvund Olsen og programleiar Olav Hove, kjent frå Utakt på NRK P1. Olsen bur i Eiksund og har minst 199 vinylplater med nynorske songar.
Festspelbøker for born
Laurdag føremiddag er det arrangement på Ørsta folkebibliotek. Dit kjem forfattar Ingunn Røyset og les frå boka si Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen. Der blir det konkurransar, leikar og bokpremiar.
Røyset er frå Hjørungavåg og bur på Flø.
Meir enn ny språkdrakt
Sundag ettermiddag står Odd Goksøyr på programmet, i lag med festspeldiktar Gunnhild Øyehaug. Tom Egil Hverven vil samtale med dei om attdikting.
Goksøyr bur på Hareid og har attdikta tekstar av både Robert Bly og Leonard Cohen.