Bigsetmessa fyller 25 år i år og tilbyr ei allsidig blanding av varesal og kulturinnslag. Her stiller både kor, band og korps opp og laurdag vert det også trylling med magikaren MagiCurty.

- MagiCurty held eit heilt spesielt show som verkeleg tek publikum med på ei reise, fortel messesjef Hilde Kirkebø Bjåstad i messenemnda. Men i tillegg vert det eit flott program gjennom heile helga som publikum kan kome og gå til og frå mellom juleinnkjøpa på messa.

- Dette er jo ei tradisjonsrik mat, kunst og kulturmesse. Mange legg turen til Bigset for å oppleve både eit rikt program og finne gode tilbod på spekemat, laks, honning, flatbrød, lefser, sylte, saft og mykje meir, seier Bjåstad.

Variert program

- Programkomitéen på Bigsetmessa har invitert Vartdalstranda Generasjonskorps som gjestekorps og ser fram til å høyre og sjå dei, fortel Bjåstad. Dette korpset har Bigset skulekops møtt på ulike arrangement og stemner, så det er kjekt å invitere gode vener til å feire 25 års-jubileet til messa.

- Hareid kammerkor, Ten Sing og mini og barnekantoriet og korpsa i kommunen har stilt opp i mange år og dei vil vi takke for velviljen, understrekar ho. Det er mykje å vere med på for mange, så vi set svært stor pris på at så mange kjem.

- Så kjem det nystarta Aspirantkorpset. I år har vi eit fantastisk samarbeid mellom Hareid og Bigset starta eit eige korps for aspirantane, og det gled vi oss til å høyre, fortel Bjåstad.

Det er Bigset Skulekorps som arrangerer Bigsetmessa, i år altså for 25. gong.