Fantehuset arrangerer for andre gong Fanterap.

– På same vis som i fjor bygg vi bruer mellom Hareid og undergrunnsmiljøet i London, seier Elias Johan Liavåg.

Det er fleire artistar som skal opptre, og det er ein god miks som legg opp til eit bra arrangement. Kingpin og Shay D er hiphopartistar som kjem heilt frå London for å opptre på årets konsert. Dei andre artistane er meir kjende i våre traker. Kontrollert Kaos, URO, DJ Andy, Kornelius H. Røssevoll, og Isak WIngsternes står på programmet. Dette lovar bra!

Arrangementet vert heldt på Fantehuset, også kjent som Trudvang,

neste laurdag.

Billettane kan kjøpast på tikkio.no eller via tikkio sin app. Billettsalet startar i dag.