Ein artikkel om bygdefolk som kjenner seg sette til sides og umyndiggjorde i den offentlege debatten, er kåra til årets beste.

Bjørn Egil Flø er vinnar av prisen årets tidsskriftartikkel med artikkelen «Me og dei andre: Om lindukar, Framstegspartiet og bygda som sosial konstruksjon». Artikkelen er publisert i Sosiologisk tidsskrift 2– 2013.

Bjørn Egil Flø er utdanna sosiolog og er forskar ved Norsk senter for bygdeforskning i Trondheim.

Flø rettar i artikkelen eit kritisk søkjelys mot den nye distriktspolitikken gjennom å ta utgangspunkt i historia om ein bonde som eig ei falleferdig løe. Ho søkjer styresmaktene om lov til å rive løa, men etter to år kjem svaret: Løa må stå fordi ho kan vere med på å trekkje turistar til lokalmiljøet.

Frå juryen heiter det at artikkelforfattaren på elegant vis dermed set den rivingsklare løa inn i ein større samanheng.

Prisen Årets tidsskriftartikkel vert delt ut årleg av Universitetsforlaget som ønskjer å framheve det beste som vert skrive og publisert av fagartiklar

Bjørn Egil Flø er opphaveleg frå Flø og arbeider som forskar ved Norsk senter for bygdeforskning i Trondheim