Biletkunstnaren Håvard Homstvedt, trekt fram som ein av verdas 25 mest spanande kunstnarar av kunstmagasinet Art Review, stiller ut nye måleri ved Galleri Hugo Opdal Flø i ei utstilling som opnar laurdag 25. mai.

Utstillinga har fått namnet "En Maske i Strømpen" og er inspirert av filmkjendisar frå gamle dagar.

Utstillinga er sett saman av 13 målerier, tre skulpturer og eit utvalgrafikk. Homstvedt har teke utgangspunkt i portrett av gamle stumfilmikon når han har skapt måleria.

Måleria har samme format, og når dei vert montert side ved side, er dei meint å minne om oppbygginga av ei analog filmstripe var bygd opp.

Håvard Homstvedt (f. 1976) erfødd i Lørenskog, og bur og jobbar i New York. Han har stilt ut verk vedviktige galleri i Noreg og i utlandet. Homstvedt er utdanna ved YaleUniversity og har ei bachelorgrad frå Rhode Island School of Design. Han erinnkjøpt av Nasjonalmuseet, Sørlandets Kunstmuseum, Kistefos Museet, FRACAuvergne og Yale University Art Gallery

Kunstkritiker André Gali hevdar at Homstvedt ikkje kanknytast til éi retning, skule eller stil.

– Homstvedt er ein kunstnar sombyggjer vidare på det moderne måleriet. Han har ei romantisk tilnærming tilmåleriet som ivaretek ein kritisk distanse. Felles for arbeida hans er ei nitidbearbeiding av materialet som framhevar materialet sine eigne kvaliteter, noko somgir verka ein dynamisk struktur, seier Gali.

Håvard Homstvedt vert til stades i galleriet i samband med opninga laurdag. Utstillinga varer til 9. juni og prisane varierer frå 6.000 til 185.000 kroner.  Utstillinga er støtta av Sparebanken Møre.

Utstillinga "En Maske i Strømpen" er inspirert av filmkjendisar frå gamle dagar