I samband med at Opplev Hareid som startar til veka, vil Hareid kunstlag opne sommarutstillinga si komande laurdag.

Sommarustillinga vil då vere open kvar laurdag fram til 23. august.

- Publikum får oppleve eit mangfald av teknikkar og motiv. Det blir mellom anna naturbilete, draumelandskap og kvardagspoesi med attgløymde sokkar, seier leiar i Hareid kunstlag, Kjartan Leer-Salvesen.

- Utstillinga presenterar målerie, monotypiar, blyantteikningar, collage, strikkedesign og grafikk, legg han til.

Med unntak Anniken Jøssok Hessen og Eva Hessen (Ålesund) og Astrid Wittersø (Førde), har alle kunstarane tilknytning til Hareid.

Dei som stiller ut kunst er Anniken Jøssok Hessen, Nikoline Bjåstad Hustadnes, Marianne Liadal Brekke, Eva Hessen, Bjøro Per Røyset, Astrid Wittersø, Marine Glischke, Hilde Bente Jørandli Soleng og Håvard Vikhagen.