I år er det femte gongen at verdas minste og beste kunstival inviterer til ei magisk helg i bygda Flø. Det blir helga 28. og 29. juni. Arrangørane håpar folk har lyst til å kome på Go With the Flø, som er ei krysning av kunstfestival og bygdedagar.

På programmet har dei kunst, britisk og sunnmørsk musikk - og klovneriar og musikkeksperiment for borna.

Go With the Flø byr i år på:

 Kunstnerduoen Elmgreen & Dragset - utstillinga «Editions and Ephemera (1995-2014)» opnar kunstivalhelga ved kunstgalleriet Studio Hugo Opdal og varer heile sommaren. Inneheld skulpturar, trykk, foto/video og andre objekt frå karrieren.

 Festivalen blir opna av Pandreas. Andreas "Pandreas" Rasmussen  blir her presentert som internasjonalt elektronikavedunder frå nabobygda Ulsteinvik.

 Intimkonsertar med Fyfe Dangerfield - britisk låtmakar som opptrer i forsamlingshuset Vonheim.

 «Alle komponerer!» ei vandreutstilling frå Nasjonalmuseet der born lagar eigen musikk.

 Klovneriar med Morten Uglebjerg Norli - sjonglering, sirkusworkshop og akrobatikk for borna + kunstinstallasjon, dyrebesøk og traktorturar.

 Bygdefolket serverer super fiskesuppe frå Fruene ved havet, môr, søtsakar m.m.

Go With the Flø er eit samarbeid mellom Studio Hugo Opdal, Moods of Norway og bygdefolket på Flø.