Opningsshowet fredag kveld vart leia av dei to lokale Ten Sing-arane Kristine Angelsen og Pål Andre Grimstad Worren. Ulstein Ten Sing, med ca. 70 songarar vart dirigert av Kamilla Grimstad. Dei hadde øvd inn tre songar spesielt for Vintertreffet: "Jeg er en sang", "Blessed be your namne" og "Crazy Night". Erlend Bryn Oksavik og Rikard Vattøy var solistar. I går var også Ten Sing Norway i aksjon i Hareidshallen, og det blir rapportert om topp stemning. I dag, laurdag, blir det ulike aktivitetar ut over dagen. Engelskmannen Pip Wilson, kjend for sin karismatiske måte å formidle på, var i elden alt klokka 11.00 i føremiddag. Ut over dagen blir det ulike turneringar og Drop-in-aktivitetar i hallen. Hareid Ten Sing held konsert klokka 21.00 same stad. Dette er eit arrangement som er ope for alle. Seinare blir det fakkeltog med start frå moloen, gudsteneste i kyrkja, nattkafe i aulaen og konsert med Sing Star ved midnatt. Søndag er det gudsteneste i Hareidshallen, som er open for alle. Og avslutningsshowet litt seinare på dag, set punktum for årets Vintertreff på Hareid.