Tanken om ei markering av eittårsdagen for komponisten, songaren og korleiaren Johan H. Grimstad sin død vart kasta fram i fjor. No er det bestemt at det blir halde ein minnekonsert fredag 9. mars, dagen etter Johan H. sin dødsdag. Dei to som hadde kulturansvaret i Hareid kommune i fjor - Hans Gisle Holstad og Oddbjørn Grimstad - har sendt ut eit skriv med invitasjon til alle vaksenkora i kommunen og eit barnekor. I skrivet blir kora utfordra til å framføre nokre Johan H.-komposisjonar. Kora har fått frist til å svare til komande månadsskifte, men det er god grunn til å tru at det blir full oppslutning om tiltaket. For å få dekt nokre av Johan H. Grimstad sine barnesongar er også musikkskulen ved rektor Torgeir Hauge beden om å stille på nytt med det barnekoret som song Johan H-songar under ei Hareidsstemnetilstelling sist haust. Fellesnummer under konserten blir "Lova Herren, mi sjel", som kanskje er Johan H. Grimstad sin mest kjende komposisjon ved sida av "Høgt frå den himmelske klåra". Tekniske arrangørar for minnekonserten er Hareid blandakor og Grimstadkoret, dei to kora Johan H. hadde då han døydde. Vidare opplegg kring minnekonserten vil arrangørane kome tilbake til.

Børud i Hareidhallen

Dei som hugsar Lisa Børud sin Hareid-visitt hausten 2005, vil hugse at interessa for å høyre på henne var så stor at Hareidskyrkja vart for lita. Når Lisa Børud gjer bygda ein ny visitt søndag 11. mars, skal konserten vere i Hareidhallen. På denne konserten vil også barnekora i Hareid kommune delta, så det blir heilt sikkert ei veldig mobilisering av lokale barnesongarar - og av publikum. For tida er det barnekor både på Bigset, i Hjørungavåg og i tilknyting til kyrkja.