Det skriv arrangørane av Kong Arthurspelet  i ei pressemelding.

– For å kunne gjenta suksessen frå dei siste åra så treng vi støttespelarar som kan vere med å bidra til at dette unike spelet kan leve vidare. Vi håpar at De vil vere med å gjere andre helga i august til ei oppleving for alle som tek turen til Sandsøy og Kong Arthurspelet.

Bakgrunnen for Kong Arthur-spelet

Kong Arthur-spelet var Sande kommune sitt 2000 års-prosjekt. Spelet er eit historiespel basert på mytar og historietolkingar både frå England og Noreg. Desse er i spelet krydra med mykje humor. Vi kan vel trygt seie at det er eit annleis historiespel.

Samhald

Alle aktørane i Kong Arthurspelet er glade amatørar frå nærmiljøet. Aktørane er born, ungdomar og vaksne frå alle bygdene i Sande kommune. Gjennom øvingane vert born og vaksne likestilte, eit nyttig  nettvert vert etablert. Totalt er ca. 120 personar med på å sette opp Kong Arthurspelet. I tillegg kjem arbeidet med alle andre aktivitetar som arrangerast på Sandsøya denne helga, heiter det i pressemeldinga.