Onsdag 6. februar kjem brørne Bård og Vegard Ylvisåker til Sjøborg kulturhus i Ulsteinvik.
Ylvis 4 er ei framsyning som i sin heilskap er laga av brørne Ylvisåker saman med instruktør Arvid Ones og med tekstbidrag frå Christian Løchstør.
Galskap, humor, musikk og akrobatikk er berre noko av det du får oppleve.
Anmeldarane har trilla 6-arar og 5-arar på terningen.
Leif Ringstad, kommunalsjef for oppvekst og kultur i Ulstein kommune, seier at sist Ylvis vitja Sjøborg (i 2008) hadde dei to fulle hus og eventyrleg stemning i salen.
Billettane til framsyninga på Sjøborg blir lagt ut for sal 9. november.