Monsiade 3. juni

Monsiade-general Mons Sandnes opplyser at årets Monsiade for utviklingshemma på Eidsåvoll er nr 20 i rekka og blir halden 3. juni.

– Mange spør om vi har tidfesta  arrangementet – og det gjorde vi i siste førebuande møte. 3. juni, som er ein onsdag, samlast utviklingshemma frå dei sju kommunane på Søre Sunnmøre og Nordfjord-kommunane Selje, Vågsøy og Eid til leik og moro.

– Vi reknar med om lag 170 deltakarar, seier Sandnes.

– Det blir nokre overraskingar i år, men elles har vi valt å halde på det opplegget vi har hatt.

– Men det kjem ein del prominente gjestar. Mellom desse Per Einar Johannessen, som er generalsekretær i Paralympisk kommité. Kulturavdelinga i fylket vil også sende ein person – og fylkesordførar Jon Aasen, som var ordførar her i Vanylven då dette tiltaket starta, kjem.

– Alle utviklingshemma i området vårt er inviterte, både dei som er på instutusjon og dei som bur heime. Dei som bur heime er det ikkje så lett å nå tak i med invitasjon, så der ber vi dei føresette om å ta kontakt forpåmelding. Det kan dei gjere gjennom kulturkontoret her i Vanylven, seier Sandnes.