Fredagskvelden møtte det opp godt med folk på Ishavsmuseet for å få med seg historia om polarkokken Lindstrøm.

Jan Ove Ekeberg, kjend som programleiar på TV2, har skrive bok om Adolf Henrik Lindstrøm som var med på fleire polare ekspedisjonar. Ekeberg fortalde levande om denne friskusen frå Hammerfest som fora mannskapet på skutene med god mat så dei hadde det bra, og ikkje fekk skjørbuk. Lindstrøm var veldig viktig for trivselen om bord og skal ha sin del av æra for at det gjekk bra.

Etter føredraget var det servering nede på mueseet av nettopp retten Biff a la Lindstrøm.