Mannskoret Gollj & Gråstein har spelt inn si første plate etter å ha vore i sving i 11 år. Dei kjem frå Audiofarm-studioet i Åmdal (same studio som Vassendgutane brukar) for å sleppe plata i Hareidhallen i kveld, laurdag 11. oktober i lag med sine musikalske kompisar frå Ålesund; Halv8.

Ikkje rart, då, at konserten startar nettopp halv åtte.

Produsent for plata har vore  Arnt Ole Grimstad, som har god røynsle med slikt frå korgruppa Kaarstadbygget.

Etter så mange år i lag såg  songarane etter ei utfordring, og dermed vart det plate.

Gollj & Gråstein er kjende for å ha eit breitt repertoar. Plata innheld mange stilar – frå Johan H. Grimstad-arrangement  til meir poppa stoff som CC Cowboys, Henning Kvitnes og Coldplay. Plata har fått namnet «Berre gollj»

– Fleire av oss har aldri spelt inn noko i studio tidlegare, så dette vart spennande – og ei stor utfordring. Du blir ganske sjølvkritisk i eit studio, forklarer Vegard Knardal, som har den djupaste bassen i koret og som sit med eit slags syngande dirigentansvar.

Gollj & Gråstein har songarar frå Hareid, Ulstein og Gjerdsvika.