Førre veke gjekk Noregs Mållag ut og kravde teksting på kinofilmane på nynorsk.

– Når staten krev at filmane som er produsert i Noreg, skal ha tekst på norsk, er det ingen grunn til at det ikkje skal vere krav om nynorsk òg, sa Marit Aakre Tennø som er leiar i Noregs Mållag.

Naturleg å tekste på nynorsk

Den premiereklare spelefilmen "Hevn» av Kjersti G. Steinsbø blir distribuert ut til kinoane med undertekstar både på nynorsk og bokmål. Det tykkjer Noregs Mållag er flott, men det bør ikkje vere opp til kvar enkelt filmprodusent å gjere ei slik vurdering.

– Det er heilt naturleg å teksta på nynorsk når dette er ein vestlandsfilm med særs brei appell i fylka Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Hordaland, der fleirtalet er nynorskbrukarar, og når det i tillegg er brei bruk av vestlandske dialektar i filmen. I tillegg tykkjer eg at nynorsk er fint og underbrukt i norsk film, seier Vibeke Skistad i Euforia film.

– Vitnar om språkleg medvit

– Det er særs gledeleg at distributøren Euforia har laga nynorsk teksting. Det vitnar om stort språkleg medvit, og det er eit viktig signal. Det er flest unge folk som går på kino, og dette syner at nynorsk høyrer heime også på kino og i populærkulturen, meiner Tennø.

Dei siste åra har det vore fleire kinofilmar som har hatt nynorske tekstar. Sidan alle kinoane no er digitale, er kostnadene til teksting på ulike språk kraftig redusert. Når styresmaktene krev at alle norske filmar skal vere teksta, meiner Tennø at dette også bør inkludere nynorsk tekst.

– Effekten i dag er at staten krev bokmålsteksting. Det er urimeleg, meiner Tennø.

– Den digitale utviklinga har kome så langt at tida er overmoden for eit krav om parallellteksting, noko eg håpar styresmaktene òg ser.

Sjøborg vel nynorsk

Kinosjef Kristine Brungot på Sjøborg kino i Ulsteinivk kan opplyse om at når dei til helga seg opp filmen "Hevn", blir det sjølvsagt på nynorsk.

"Hevn" er ein dramathriller om skuldkjensle, maktmisbruk og forteiing, fritt etter "Dukken i taket" av Ingvar Ambjørnsen.

Alle stader ber på hemmelegheiter, alle stader ber på historier som vert tidde i hel. Under falsk identiet sjekkar Rebekka (Siren Jørgensen)  inn på eit idyllisk vestlandshotell for å oppsøkje eigaren, bygda sin store son, ordførarkandidaten. Båe ber på hemmelegheitar frå fortida som har sett djupe spor. Rebekka startar ei nervepirrande spel for å øydeleggje livet hans, bit for bt. Men hemna har ringverknader, og Rebekka sine handlingar får konsekvensar for fleire enn berre han.

Filmen har med kjende skodespelarar som Trond Espen Seim og Anders Baasmo Christiansen i rollene.