Eurosong, Grand Prix, melodifestival; kjært barn har mange namn!
På laurdag brakar det i alle fall laus igjen, med kreative antrekk, forrykande sceneshow og engasjerande musikk.
Gjerdsvika kulturlag syner «Grand Prix»-finalen på storskjerm på Adolfbuda, og ynskjer alle hjarteleg velkomne!
Etter programmet vert det Grand Prix-slagerar og god stemning. Det vert også råd å få kjøpt seg eit pizzastykke eller litt anna snacks. Det er ikkje betlingsterminal tilgjengeleg, så arrangørane oppmodar på det sterkaste om å ta med kontantar.
- Finn fram glitterjakka og kreppetong og vert med på ein superkveld på buda på laurdag, oppmodar Gjerdsvika kulturlag og syner til facebook-sida si for meir informasjon.