Neste laurdag vil forsvarsminister Ine Eriksen Søreide avduke bysta av krigsveteran, forfattar og historikar Ragnar Ulstein.

– Endeleg vert tusenårsplassen til Ulstein kommune brukt til noko fornuftig, smiler Aksel Hauge, leiar i Ulstein Historielag.

Det nærmar seg fullføring av området der bysta av Ragnar Ulstein skal stå, på rådhusplenen framfor Ulstein kyrkje. Ein flott natursteinsmur skal ramme inn skulpturen, det er planta ein hekk og neste veke vert det rulla ut ferdigplen der det i dag berre er svarte molda.

– Muren er på ein måte ei avspegling av kyrkjegardsmuren, forklarer kulturleiar Leif Ringstad. Saman med ein landskapsarkitekt har han vore med på å forme ut det nye parkområdet.

Ringstad fortel at det i utarbeidinga av plassen har vore lagt vekt på at kyrkja og bysta skal danne ein akse som endar ved fjorden der Ragnar Ulstein og andre lokale motstandsfolk i 1941 la i veg mot Shetland i motorbåten «Ulstein».

Bysta og den vesle parken er eit spleiselag mellom Sparebanken Møre og Ulstein kommune – og Ulstein Historielag.

Ei eiga nemnd, med av Aksel Hauge, Heidi Myklebust, Kjell Garnes, Ottar Kaldhol, Svein Eiksund og Leif Ringstad, starta arbeidet med å få reist ei byste for vel eit år sidan, og neste laurdag, tre dagar før Ragnar Ulstein fyller 96 år, vert skulpturen avduka.

Kulturprogram

Det skjer med deltaking av forsvarsminister, forsvarssjef og fylkesmann, og sjølvsagt vil hovudpersonen sjølv, Ragnar Ulstein, vere til stades. Også det lokale kulturlivet er godt representert. Musikklaget Ulf deltek, det same gjer kora Con Moto og Ulstein mannskor. I tillegg vert det solosong ved Ann-Cesilie Skundberg. Det lokale heimevernet vil elles stille med æresvakt i høve avdukinga.

Det heile vert avrunda med lunsj for inviterte gjester på hotellet. Det er Ulstein Historielag som spanderer lunsj og mellom gjestene er attlevande krigsveteranar og veteran-enker. Her vert det talar og helsingar ved mellom andre fylkesmann Lodve Solholm, leiaren i Heimefrontmuseet, Ivar Kraglund, skulptør Ola Stavseng og ordførar Knut Erik Engh.

– Vi håper at så mange som mogleg har høve til å møte opp på avdukinga som er open for alle, avrundar kulturleiar Leif Ringstad og historielagsleiar Aksel Hauge, som også vonar at sola skal dukke opp og kaste glans over denne laurdagen.