Dei siste månadane har det kome mange ukrainske flyktningar til Norge og ein del av desse er mellombels plassert i Hareid og Ulstein.
17. mai kontakta ukrainske Tetiana redaksjonen til Vikebladet Vestposten og sende ei rekkje bilete frå feiringa av grunnlovsdagen i Hareid.
Tetiana bur no med familien sin på Melshorn hotell i Hareid.
– På vegner av alle ukrainarane som bur her, så ønskjer vi å rette ei stor takk til dei som har organisert feiringa av grunnlovsdagen og til alle nordmenn for deira gjestfridom og venlegheit, skriv Tetiana, før ho avsluttar med:
– Gratulerer med dagen! Hip-hip – hurra, hurra, hurra!