Dei siste åra har Grafill, Norsk organisasjon for Visuell kommunikasjon, delt ut prisar til årets vakraste bøker. I år har juryen vurdert 298 bøker. Dei har plukka ut 15 bøker som vann kvar si klasse. I tillegg vart det delt ut sølv og diplomar. Boka "50MMAR HAUST VINTER VÅR" av Gunnar Ellingsen vann gull i open klasse. Boka vart laga på oppdrag frå Grøvik Verk i høve 50-årsjubileet deira. Grøvik Verk gav Havnevik reklamebyrå i oppdrag å utvikle designen og konseptet av jubileumsboka deira for den 50 år gamle bedrifta i Ørsta. Boka er ført i pennen av Gunnar Ellingsen, men det er Tom Emil Olsen som har stått for designen. Olsen arbeider i reklamebyrået Havnevik i Ålesund, men bur i Ulsteinvik. Juryen meiner boka er god som gull, hjartevarm og heilstøypt. Det er eit jubileumsskrift som fangar tidskoloritten. Fantastiske portrett og biletforteljingar frå bedriftshistoria, heiter det i grunngjevinga frå dei. Olsen fortel at han har arbeidd i bransjen lenge, men har tidlegare ikkje drive så mykje med bokdesign. Det er første gongen Havnevik har delteke i tevlinga om å bli årets vakraste bok, så det var kjekt å vinne ein så gjev pris. Boka vann i tillegg MAP-prisen, ein pris papirleverandøren MAP gjev til bøker som har utmerkt seg.

Prisutdelinga

Tom Emil Olsen var sjølv på prisutdelinga og tok imot prisen. Prisutdelinga var på Nasjonalbiblioteket i Oslo sist torsdag. Olsen representerte boka i lag med dagleg leiar i Grøvik Verk.

Tom Emil Olsen har designa denne boka som fekk pris for årets vakraste bok.
"50MMAR HAUST VINTER VÅR". Designa av Tom Emil Olsen.