Parr har fått stor merksemd for barnebøkene sine. Debutboka «Vaffelhjarte», som kom ut i 2005, blir sendt i NRK Barne-TV i 2011 i ein serie på sju. Den andre boka, «Tonje Glimmerdal» vann Brageprisen og vart nominert til Bokhandlarprisen. Boka er no selt i eit opplag på 12.000, og utgjevarrettane er selde til seks land, opplyser Samlaget. Det er Foreningen for komponistar og tekstforfattarar (NOPA) og bokhandlarkjeda Libris som deler ut Teskjekjerringprisen. Prisen er på 25.000 kroner. Maria Parr (29) er frå Fiskå i Vanylven. For tida studerer ho ved Høgskulen i Volda. (©NPK)
Kultur →
Teskjekjerringprisen til Maria Parr
Forfattaren Maria Parr er vinnaren av Teskjekjerringprisen for 2009.