Frå framsyninga på Herøy kulturhus i oktober i fjor. Foto: Robert Skeide/Vestlandsnytt

Framsyninga som har fått tittelen «Frå Jøsok til Junaiten» er altså ei samling av Kiran sine tekster til viser og vers, frå dei heilt lokalt tilknytt dikta om Tobias frå Jøsok, Nyklehomen ved Ålesund, fleire av omsetjingane hans til nynorsk av kjende amerikanske musikalar som «Annie get your gun», «West Side Story», og Kiran sine omsetjingar av Evert Taube sine viser.

Nokre av melodiane som blir presenterte er nye arrangement som koret sin dirigent, Kjetil Eiksund, har laga spesielt til denne konserten.

Tilbakemeldingane etter den vellukka framsyninga i Fosnavåg framheva variasjonen i stoffet som blei presentert, farten og drivet i framsyninga, samt det faktum at Leikong Blandakor rår over eit imponerande utval av solistar i eigne rekkjer.

Godt assistert av eit velklingande orkester, eit glimrande lydbilde, og under Dagfinn Olav By sin stramme regi har Leikong Blandakor fått til eit resultat som er blitt både sjå- og høyreverdig.

Leikong Blandakor lovar å attskape den gode stemninga som var til stades under første framsyning og håpar på stort frammøte også på Sjøborg på søndag 22. januar.