Det var like før jul at Hugo Opdal opna Studio Hugo Opdal i den gamle skulestova på Flø. Han har prøvd seg litt fram og tilbake med kva dag det er best å ha studioet ope for publikum. Han byrja med sundagsope. Prøvde ein periode med laurdagsope. Men no går han tilbake til sundagsope att. Den kjende kunstnaren Marianne Aulie skulle eigenleg kome med utstilling til Flø i februar. Men no er besøket blitt utsett. Opdal har ikkje fått nokon ny dato for når Aulie kjem, men det skal ikkje ta så lang tid før ho kjem til Flø.