– Dette gjer at festivalen i siste liten måtte skifte band. Etter litt hektisk ringing rundt om i verda etter ferierande Five Beats-medlemmer, vart det endeleg klart at det lokale bandet stiller som hovud band under årets festival, heiter det i ei pressemelding frå arrangørane. – Dette er slett ikkje eit dårleg bytte, snarare tvert imot. The Five Beats såg dagens lys første gong i 1963 og er dermed Sunnmøres eldste aktive band. Dei etablerte seg raskt som ei stigande stjerne på den lokale pop-himmelen. Inspirert av eit aktivt miljø i Ålesund - på den tida omtalt som ”Norges Liverpool” – bestemte Asbjørn, Atle, Roger og Charles (Overå) seg: - No vil også vi starte pop-band ! Shadowsmusikken vart raskt eit av gruppa sine varemerke. Etterkvart kom også fleirstemt sang inn som eit hovedelement. Karane vann eit par regionale talent-konkurransar, og dermed var karrieren allereie i sving. Midt på 60-talet var aktiviteten stor, med opptredenar fjernt og nært. Høgdepunktet i denne første fasen av bandet si historie var utan tvil turneen gjennom Trøndelag og Gudbrandsdalen i 1966, der gutane farta rundt i ein tidstypisk Folkevognbuss fylt til bristapunktet med utstyr, og vart mottekne som heltar kvar dei kom. I 1965 vart kvartetten utvida til fem, då Jogeir kom med. For ei kort stund stemte talet på medlemmer i bandet med namnet ”The Five Beats”, men ikkje lenge etter vart det ”feil” igjen, då Jon Remø kom inn på tangentinstrument i 1966. Dermed var dei seks i talet, og sidan har The Five Beats halde fram som seksmanns-band ! Mot slutten av 60-talet vart det slutt for denne gong. Alle medlemmene vart etterkvart involverte i andre band og prosjekt, nokre reiste vekk pga skulegang og slik vart gruppa spreidd for alle vindar – inntil vidare. Ballasten frå dei intense 60-åra hadde imidlertid sett seg i blodet på karane, og dette har prega dei sidan ! Hovudgrunnen til at The Five Beats framleis, "after all these years", er eit så vitalt og oppegåande danse-orkester, er musikkgleda og deira spesielle forhold til den "ekte" pop- og rockemusikken frå 60-talet. Sjølvsagt er responsen frå publikum enormt inspirerande! Med The Five Beats på scena er du både sikra å svinge dansefoten og ei glimrande atmosfære! heiter det i pressemeldinga. – Vi som arrangørar vil gjerne få takke Five beats for at dei heiv seg rundt å hjelpte oss ut av denne kjedelege situasjonen, og vi er heilt sikre på at dette vert minst like bra som Living Earth, om ikkje endå betre, bandet har sterke tradisjonar i distriktet, og vi håpar at veldig mange finn vegen til ein god dans i festivalteltet, seier Karl Johan Barstad i arrangørkomiteen.