Denne sjarmerande gjengen har teke oppstilling framfor Snorrebuda i Ulsteinvik. I 1987, då biletet var teke, var dei alle i arbeid for Ulstein kommune. Nokre av dei som sommarvikarar.

Vi ser frå venstre kommunegartnar Andreas Topphol med rake, vaktmeister Nils Garshol  på rådhuset med greip, sommarvikar John Kenneth Solberg, Aksel Garshol som jobba i vassverket i 12 år, Arnold Skinnes i grøntetaten og sommarvikar Arnt Ove Moldskred. med ljå – langorv.

I 1987 var ikkje Snorrebuda ombygd, og teknisk etat i Ulstein lagra mykje av utstyret sitt der. Vassverket hadde basen sin i Snorrebuda, og Arne Flatin som hadde sommarjobb i vassverket, nytta høvet til å ta dette flotte fotoet, før karane la i veg ut i feltet på arbeid for Ulstein kommune. På reiskapen å dømme skulle nokre av dei ut i terrenget for å slå og rake gras.