Ishavsskuta Polarstar kjem etter planen heim til Hareid til sommaren, fullstendig nyrenovert.

Stiftinga UNI bestemte seg nyleg for å støtte Polarstar med 200.000 kroner. Pengane skal i følgje UNI gå til ein tryggleiks- og utstyrspakke.

– Med dette på plass får skuta tilbake dei naudsynte seglingspapira. Det er veldig kjekt at UNI ser verdien av Polarstar, seier Willy Nesset som er ein av dei som har engasjert i å ta vare på den gamle ishavsskuta.

Polarstar ligg i dag ved eit verft i Stettin i Polen, men Nesset fortel at målet er å få skuta heim til Hareid innan sommaren.

– Det er ei stor interesse for Polarstar, fortel han og nemner elles at det finst mange planar for korleis skuta skal kunne nyttast.

Bygginga av Polarstar vart påbegynt i 1948 og var den første selfangaren som var bygd i stål. Takka vere ei gruppe eldsjeler har fartøyet blitt tatt hand om unngått opphogging. Polarstar er i dag eit sameige mellom fleire privatpersonar.

Polarstar fekk vernestatus av Riksantikvaren i 2014, og då vart det for alvor sett i gang arbeid for å totalrenovere skuta.

I følgje UNI er skuta tenkt å fungere som eit levande museum som kan reise både i nordområda og langs norskekysten for å formidle polarhistorie. Polarstar har mellom anna vore nytta både som ekspedisjonsfartøy og som skøyte for Sysselmannen på Svalbard.

Stiftinga UNI er ei allmennyttig stifting som gir økonomisk støtte til tiltak som vernar menneske og fortidsminne.