Ekstremsportveko er ein sport- og musikkfestival som blir arrangert i Voss. Kamilla Sporsheim frå Ulstein har delteke fleire gonger. I år tok ho for fjerde år på rad fyrsteplass i Horgi Ned. Dette er eit utradisjonelt triathlon, med ski, sykling og kajak.

I tillegg tok ho fjerdeplass i dameklassa i Freeride Rookie VS Pro (ski ved Vikafjell), delt sjetteplass i dameklassa i Kayaking – Brandseth Downhill (kajak i Brandset elva), og 16. plass i Lokst Utøve – cliffdiving competition (klippestuping).