Gunn Berit Gjerde seier at Venstre vil på fylkesutvalet på fylkestinget krevje at ein får på plass avtalen med Norled om ei tredje ferje.
- Viss det blir vanskeleg å få inn eigna ferjemateriell tidsnok, krev me at reserveferja Høgsfjord blir sett inn som tredje ferje som strakstiltak, varslar ho.
Det er antyda at det blir vanskeleg å finne ei ferje med god kapasitet før i august, i så fall blir det naudsynt med strakstiltak no, meiner venstrekvinna. Me kan ikkje ha ein situasjon med berre ei ferje når til dømes Ullensvang fell ut.