Fredag 10. oktober er verdsdagen for psykisk helse. I Hareid skipar Mental Helse, avdeling Hareid til ei markering på Hadartun fredag kl. 18.00. Der vil psykiatrisk sjukepleiar Elsbet Pilskog tale om kvardagsstress som er temaet for årets Verdsdag.

- Det vert elles loddsal  og enkel matservering. Vi vonar at mange finn vegen til Hadartun fredag kveld, seier Tone Skorgenes i Mental Helse.

Verdsdagen for psykisk helse er landets største dugnad for psykisk helse. Målet er å auke kunnskapen og betre haldningane til psykisk helse, samt bygge ned tabu og fodommar mot denne forma for plager og lidingar.

I følgje Verdensdagen for psykisk helse sine nettsider vil om lag halvparten av oss oppleve psykiske vanskar ein eller fleire gonger i livet. 13 prosent av folkesetnaden har vore sjukmelde eller trygda grunna psykiske problem det siste året og og 15 prosent fortel at dei har hatt vanskar med å få sove i løpet av dei tre siste månadene. Om lag like mange seier at dei er lite tilfredse med livet sitt.