Tysdag 10. juni var det sommeravslutning for Hareid seniordans. Etter å ha dansa i ein times tid på øvingslokalet, tok gruppa med seg kaffikannene og sette seg i bilen for å dra på “blåtur”. Kun sjåførane viste kvar seniordans-gruppa skulle. Ferda enda opp på Herøy gard, der dei kosa seg og drakk kaffi på tunet i nydelig solskin.

Deretter gjekk turen til Lanternen Marina der det var bestilt middag. Nydelig svinesteik med tilbehør, og softis med jordbær til dessert.

- Det var ei fin avslutning på vårsemesteret og vi gler oss allereie til vi skal starte opp igjen til hausten. Vi er ein fin gjeng som har det kjekt i saman og vi tek gjerne i mot nye dansarar, seier Aud Sætre i Hareid seniordans.