Den kalde vinden bit godt i kinna på Flø. Då var det godt at julemessa på samlingshuset byr på varme og lun julestemning.
Tredje julemessa
Vel inne i varmen møter Vikebladet Vestposten eit folkehav som kosar seg med varm kaffi i koppen og smakfulle kaker på fatet.
Nokon smakte også på fiskesuppa, som er deira store spesialitet.
Den eine leiaren av julemessa er Oddbjørg Vartdal. Ho står bak kjelen med fiskesuppe i, og auser oppi fatet til dei som vil ha.
– Det er tredje gongen vi arrangerer julemesse her på Flø. Og det er like kjekt kvar gong, strålar ho.
Ho arrangerer julemesse saman med Turid Berg Rusten som var travelt oppteken med å servere.
– Vi har ikkje berre julemesse. Av og til arrangerer vi kafe. Men under årets julemesse har vi 20 utstillarar som vi har handplukka. Vi ynskjer handverkarar som lagar eigne produkt, fortel Oddbjørg.
Frå Sotra til Flø
To av utstillarane i kjellaren er Solveig Kristensen frå Ulsteinvik og Inger Nelly Skoge frå Sotra utanfor Bergen.
Solveig fortel det er første gong ho er med som utstillar. På veggen hennar heng flotte barneklede med broderte motiv.
– Det er veldig kjekt å delta på julemessa. Mange har kika, og ein del har kjøpt. Eg måtte lage opp ein del før messa. Det var litt arbeid. Men dette er hobbyen min, så eg tykkjer det er berre kjekt, fortel Solveig.
Ved sidan av Solveig står Inger Nelly. Ho er frå Sotra, men budde i Ulsteinvik for om lag 12 år sidan. No bur ho på Sotra att, og tok turen til Flø og Ulsteinvik for å delta på julemessa.
– Eg fekk invitasjon til å delta. Det er veldig kjekt. Eg syr, strikkar og tovar klede. Så eg pakka kofferten og tok turen frå Sotra, smiler Inger Nelly.
Ho tykkjer også det er kjekt å sjå att og snakke med kjentfolk frå då ho budde i Ulsteinvik.
Frå loft til kjellar
I tillegg til Solveig og Inger Nelly er det mange som deltek på julemessa. Kjellarsalen, kjellargangen og loftet var fullt av utstillarar med flotte sjølvlaga produkt med ulike motiv.
I gangane var det fleire som openlyst skrytte av alt dei hadde sett og fått moglegheit til å kjøpe til jul.