Med det same programmet som dei avsluttar Ålesund Kammermusikkfestival med søndag kveld, presenterte Ålesund kammersolister seg for publikum på Flø litt tidlegare på dagen. Leia av dirigent Eva Ollikainen, og med Ai-Ling Chiu som fiolinsolist, var det mektige tonar som breidde seg i bedehussalen. Konserten var det siste punktet på programmet for "Smak av Ulstein".

Konserten inneheldt mellom anna norgespremieren på Peteris Vasks "Vox Amoris". Latviske Vasks er ein av dei leiande, mest framførde og mest kjende komponistane i verda i dag.

I år er det 150 år sidan Richard Strauss vart fødd, og for å hedre han framførde Ålesund kammersolister for fyrste gong eit av hans siste og  eit av musikkhistoria sine mest komplekse verk for strykarar. Det er elegien "Metamorphosen", som han skreiv i Sveits våren 1945.

Kammersolistane spelte også stykket "Andante Festivo" av Jean Sibelius.

Sjå bileteserie øvst i saka.