Rektor Siv Kaldhol ved Hjørungavåg skule inviterte Vikebladet Vestposten inn til den årlege, og svært koselege juleverkstaden deira som gjekk av stabelen tysdag.
Kreative elevar
Alle dei 85 elevane ved skulen er i sving med ulike oppgåver i juleverkstaden. Nokre av dei laga julemannar som dei dekorerte med fargar, medan andre laga flotte lyslykter som dei dekorerte med pålimt motiv frå serviettar. Også dompapar og dokker var noko av det elevane fekk lage.
Dei som heldt på med lykteglasa då lokalavisa kom på besøk, var Bettina, Camilla og Gunnhild som går i kvart sitt klassetrinn. Dei fortel at det er kjekt å lage lykter, og at det ikkje er spesielt vanskeleg.
I eit anna klasserom treff vi Sivert, Nicolas og Casper Andre, som er i full sving med å lage flotte englar av bomullstråd.
Heller ikkje dei tykkjer oppgåva var vanskeleg. Men dei vedgår at det er kjekt med juleverkstad, sidan dei slepp å jobbe med andre fag på skulen. Dei ynskjer gjerne at det vert arrangert juleverkstad heile året.
Det var med andre ord ei koseleg og lun julestemning i kvart eit klasserom ved skulen denne dagen.