Trass i ikkje så altfor stort publikumsoppmøte, heldt Nicolay Sereba og Vincent Dery, som dannar duoen, ein energisk konsert. Ein kan ikkje nekte på at Serious Jokers og Chris Masters frå Ulsteinvik var med på å gjere publikum entusiastiske. Serious Jokers framførte fire nummer, av desse var to sjølvskrivne. Chris Masters, også med sjølvskrivne låtar, hadde med seg Kristin Leirbekk på eine nummeret. Saman med oppvarminga var heile konserten ein suksess.

Lokal medlem

Det var andre gongen Envy var på Sunnmøre, men første gongen deira på Hareid. Dette gjeld sjølvsagt ikkje Daniel Moldskred Strand, som er ifrå Hareid, og spelar keyboard i gruppa. Då dei entra scena, kunne dei også fortelje at dei aldri har blitt vurderte under terningkast fem, og ofte har blitt samanlikna med den amerikanske rapparen Jay-Z.

Nådde fram til publikum

I og med at begge artistane har afrikansk bakgrunn, framførte dei ei låt med afrikansk rytme og kledde seg i afrikanske klede, noko som skapte ei litt anna atmosfære. Seinare spelte Daniel ein solo som fekk både ungdomane og dei vaksne til å hoppe og danse.

Konserten vart avslutta med ”One Song” som ekstranummer etter ønske frå nokre publikumarar.

Iris Kristine Roppen Tangen og Camilla Kleppe Nanseth er dei som står bak konserten. Mellom sponsorane var Sparebanken Møre som også og delte ut gratis glowsticks, slik at dette vart eit vellukka arrangement.

- Utan alle sponsorane kunne vi ikkje ha gjennomført denne konserten, seier Iris Kristine Roppen Tangen, som rettar ein takk til dei alle.