Dagny Kristensen Wærdahl og Anita Stokkevåg i Ulsteinvik Sanitè haddeideen, og fekk kommunen og Vikebladet med på laget: Saman ville dei sette fokuspå trivsel i sentrum. Derfor annonserte komiteen tidlegare i år at deiville gi heider til den aktøren i sentrum som i best mogleg grad lyser oppsentrum med julepynt.
- Tanken har vore å oppfordre butikkar i sentrum til å pynte utanfor -særleg no i julehøgtida, seier Wærdahl.
Lys i mørkret
Det er fredag ettermiddag og døgnets siste timar med dagslys er snartforbi. Komiteen er ute på inspeksjon for å kåre den best pyntabutikken i juleførebuinga. Desember er mørketid og kulde, då kan bygninganerundt oss bokstaveleg tala lyse opp kvardagen.
Vi er med komiteen på synfaringa, første stopp: Hårstova.
- Dette var jo fint, heilskapleg og forseggjort, seier dei. Vi går vidare til Krukkehuset, den andre butikken på lista.
- Dette var også veldig fint, men det er det jo året rundt her. Temaet erpersonleg; ingen overrasking, seier dei – før vi skuar mot Blåhuset, det storekjøpesenteret som rommar fleirfoldige butikkar. Komiteen er udeltpositive. - Dekoreringa har ein klar plan og løftar bygget opp i ein ny divisjon. Dettehar ikkje vore tilfeldigheitenes spel, seier Ulstein ordførar Jan Berset ikomiteen. Dei andre nikkar medan vi går mot Løvens Hule, så Bizzare: høvesvismaksimalisme versus minimalisme.
- Diskrè og fint, det visuelle utanfrå kjem fint fram, meiner komiteen.
Ringstad Blomsterog Birger Sunde er dei to siste aktørane i tevlinga – og komiteen er rosar allebidraga.- Alle fortenar å vinne, seier dei.
Blå time
Diskusjonen pågår; kven skal vinne? Etter litt tankeverksemd harkomiteen bestemt seg: Blåhuset stikk av med sigeren for best pyntabygning. - Blåhuset ruvar i hjartet av sentrum og har verkeleg lagt seg i selen for åløfte stemninga, meiner komiteen.Inne på Blåhuset ringer dei senterleiar Diana Moldskred. Ho er på Hareid, menset seg i bilen når ho får beskjeden.
- Vi er overtydd om at fint pynta butikkar løftar julestemninga, og dåogså julehandelen, seier ordførar Berset.Både han og dei andre er klare på at Ulsteinvik har eit forbetringspotensialenår det kjem til dekorering. - Ressursane er her, men vi kan bli mykje betre på å pynte opp fasadane isentrum, seier Berset.Wærdahl og Stokkevåg er einige, men lovar ikkje ein likande konkurranse nesteår.- Då satsar vi at butikkane gjer det automatisk, seier dei to.
- Årets juleby 2013
Berset har på si side ambisjonane klare for neste år:- Ulsteinvik skal bli julebyen i 2013. Det krev innsats både frå oss ikommunen, men også at butikkane i sentrum samarbeidar og organiserer det heilei felleskap. Diana Moldskred fortel at handel og trivsel går hand i hand på Blåhuset, men atbutikkane i Ulsteinvik står overfor utfordringar.
- Blåhuset er møteplassen for folk i Ulsteinvik, men samstundes erbutikkane avhengig av kvarandre. Samarbeid med handelstanden i Ulsteinvik ersvært viktig for oss alle; saman utfyller vi kundane sine behov og ønsker,seier Moldskred - og held fram:
- Konkurransen i markedet er stor, og vegen til andre butikkar idistriktet er kort. Derfor må vi heile tida utvikle oss, seier senterleiarenved Blåhuset.