Det vart ei litt spesiell dåpsavdeling under høgmessa i Ulstein kyrkje søndag. Fire av dei åtte dåpsborna kom frå ein eritreisk familie som har budt i Ulsteinvik sidan desember 2007.
Sokneprest Atle Hopland held det yngste dåpsbarnet Sami i armane sine. Elles er dei tre andre dåpsbarna framom presten frå v.: Mussei, Sami og Sara.
Foreldra, Haile og Ogobamaria, står på kvar si side av døypefonten. Nr. 2 frå v.: er Dina, det eldste barnet i Kidane-familien. Nr. 1 frå v. er søster til Ogobomaria (ho bur i Ulsteinvik) - medan også nr. 3 frå v. er ei søster av Ogobamaria. Ho er gift med mannen midt i bildet. Dei bur i Mannheim i Tyskland.